Mon Plaisir
Utsjånad
Mon Plaisir | |||
| |||
Mon Plaisir 60°24′21″N 5°19′53″E / 60.405888888889°N 5.3313888888889°E |
---|
Mon Plaisir er ein lysthuspaviljong i Fjellveien, nord for Mulelven, i Ladegården i Bergen. Som ein del av parkanlegget til lystgarden Christinegård blei paviljongen oppført av Michael D. Prahl rundt 1836. Trebygninga er forma som eit lite romersk tempel med joniske søyler. Den franske teksta «MON PLAISIR» er måla på frisa til tempelfronten og tyder 'mi glede'.
Utsiktspaviljongen blei freda i 1927 og er i dag eigd av Bergen kommune.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mon Plaisir» frå Wikipedia på bokmål, den 30. september 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Bergen byleksikon på nett, om Mon Plaisir
- Mon Plaisir i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- (no) Fleire foto frå UIB