Hopp til innhald

Myriam Bédard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Myriam Bédard
Statsborgarskap Canada
Fødd 22. desember 1969 (54 år)
Loretteville, Quebec
Idrett skiskyting
Tok del i Vinter-OL 1998, biathlon at the 1992 Winter Olympics – women's individual, Skiskyting under Vinter-OL 1994 – Normaldistanse kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 1994 – Sprint kvinner
Utmerkingar Quebec Sports Hall of Fame, Canada's Sports Hall of Fame, Bobbie Rosenfeld Award

Myriam Bédard (fødd 22. desember 1969) er ein kanadisk tidlegare skiskyttar frå Québec. Ho vann ein VM-tittel i 1993 og begge dei individuelle tevlingane i skiskyting under vinterleikane på Lillehammer i 1994.

Liv og gjerning

[endre | endre wikiteksten]

I 1991 vart Bédard den andre kanadiaren som vann eit verdscuprenn i skiskyting. Både i 1991- og 1993-sesongen kom ho på andreplass i verdscupen i skiskyting. Ho deltok for Canada under vinter-OL 1992 i Albertville, der ho fekk bronsemedaljen på 7,5 km sprint. Året etter vart ho i Borovets verdsmeister i same øvinga, 7,5 km sprint. Ho kjempa hardt for sigeren også på 15 km, men måtte gje tapt overfor Petra Schaaf frå Tyskland.

Under OL 1994 på Lillehammer lukkast Bédard overmåte godt, og gjekk til topps i begge dei individuelle tevlingane. Ho la opp som skiskyttar i 1998.

På byrjinga av 2000-talet var Bédard ei tid medlem av styret i det internasjonale skiskyttarforbundet (IBU), åleine kvinne mellom sju menn. I 2007 vart ho funnen skuldig for å ha bortført dotter si til USA, ho slapp unna dom, men fekk to års prøvetid. Bédard hadde då i førevegen vore opphav til fleire kontroversielle saker i den kanadiske offentlegheita.

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]