Nimbostratus
Utsjånad
| |||
Høgd | opp til 2500 m | ||
Utsjånad | horisontalt lag | ||
Nedbørsky? | Ja | ||
Forkorting | Ns |
Nimbostratus eller nedbørskylag er ei regnsky og høyrer til skygruppa stratus. Skyene oppstår vanlegvis under 2500 m, og blir rekna for låge skyer. Nimbostratus har mykje til felles med stratusskyer og hovudskilnaden er at nimbostratus fører med seg regn eller snø. Skyene oppstår ofte i samband med frontar, og er skyene som ligg nærmast sjølve fronten. Skylaget kan derfor også strekke seg over store horisontale flater, og har ein diffus og sløra utsjånad pga fallande nedbør. Skyene består av både vassdropar og iskrystallar. Ofte kan ein finne stratusskyer under nimbostratuslaget.
-
Nimbostratus
-
Nimbostratus
-
Nimbostratus