Pål sine høner
Pål sine høner, òg kjend som Pål på haugen, er ei av dei mest kjende norske folkevisene. Visa vart opphavleg utgjeven av Peter Christen Asbjørnsen i 1848[1], og vart skriven ned på dialekt frå Gudbrandsdalen. I nyare visebøker har ein elles attgjeve teksta på normert nynorsk.
Visa fortel om korleis Pål har mista hønene sine til reven, og korleis han tek hemn over reven. Seinare tek han seg opp og går til kverna for å mala mjøl. Vendinga «Pytt, sa`n Pål» er frå denne visa. I Asbjørnsen si nedskrift seier han rettnok skitt. Den opphavlege teksta ser slik ut:
- Pål sine høno på haugæin utsleppte,
- hønun så lett over haugæin sprang;
- Pål på hønom kunna fornemme
- at røven va ute med rompun så lang:
- «klukk, klukk, klukk!» sa høna på haugom.
- Pål han flaug og rengde mæ augom:
- "Nå tør e ikkje komå heim åt`n mor!"
- Pål hæin gjekk lite lenger utpå haugæin,
- fekk hæin sjå røven på hønun og gnog;
- Pål hæin tok se ein stein uti nevæin,
- dugle` hæin da te røvé slo.
- Røven flaug, så rompa ho rista,
- Pål hæin gret for høna hæin mista:
- «Nå tør e ikkje komå heim åt`n mor!»
- "Ha e nå nebb, å ha e så klø,
- å visste e berre kor røvæin låg,
- skulle e døm både rispe å klore
- frama te nakka å bak over lår.
- Skam få æille røvæin raue,
- Gu`gje at døm æille var daue,
- så skull e komå heim åt`n mor!
- Ikkje kæin`o verpe, å ikkje kæin`o gålå,
- ikkje kæinn`o krupe, å ikkje kæin`o gå,
- E fær gå me åt kvæinn å målå
- å få att mjølé e forliste i går."
- «Men skitt,» sa`n Pål, "e æ ikkje bange,
- kjeften å mo`e ha hjòlpé så mange.
- Nå tør e nok komå heim åt`n mor!"
- Pål hæin køinne på kvæinné te å sleppe,
- så at dæ jomma i kór ein væigg.
- så atte agnæin tok te å fuke
- å døm vart lange som geiteræigg.
- Pål hæin ga se te å læje å knæiggje:
- "Nå fekk e like for høna å æiggjé,''
- nå tør e komå heim åt´n mor!"
Ein kan merke seg at visa handlar mykje om økonomiske tilhøve, og at Pål vert nøgd når han får skadebota dekt for dei hønene han har tapt, i form av korn. Det finst andre viser med same emne, mellom dei Eg gjette Tulla. I eventyrforskinga har det vore framlagt at rev og ulv ofte har vore symbol på styresmaktene i einevaldstida, fut og skrivar. Tolkar ein visa slik, ligg det ein sosialkritisk bodskap i botn.
Melodi
[endre | endre wikiteksten]Peter Christen Asbjørnsen trykte visa i forteljinga Høyfjeldsbilleder i eventyrsamlinga si. Her skriv han at visa er sungen på ein «eiendommelig melodi». Dette høver heller dårleg med den melodien som er nytta i dag, som er ein klår og lett attkjenneleg durtone i hallingrytme. Stundom har denne vore nytta til dans. Som danseslått er tona skriven opp etter spelemannen Jens A. Myro frå Ål, Hardingfeleverket nr 180 band VII (Sven Nyhus 1978) [1][daud lenkje]. Hilmar Aleksandersen spela inn ein annan, mindre kjent melodi, som ligg nærare den skildringa som er gjeven av Asbjørnsen. Her finn ein fleire av dei gamle naturtone-trinna som er typisk for eldre folkemusikk.
Ein variant av denne melodien er skriven ned av Leopold Mozart i 1761, og kalla ein «alte Deutsches Volkslied». Denne tona er og nærskyldt den engelske visa Twinkle, twinkle little star ("Jeg er trett og går til ro").
Kvedaren Talleiv Røysland song inn ein eigen versjon av visa for NRK, ei innspeling som seinare vart grunnlag for den mest kjende kor-versjonen, arrangert av Knut Nystedt. Melodien er elles handsama som fuge.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Norske Huldreeventyr og Folkesagn. Forlagt af C.A. Dybwad. Trykt hos Fabritius. 1848. s. 24.