Hopp til innhald

Patriark Nikon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Patriark Nikon

Fødd7. mai 1605
FødestadVeldemanovo
Død17. august 1681
DødsstadJaroslavl

Patriark Nikon (7. mai 160517. august 1681) var patriark for den russisk-ortodokse kyrkja frå 1652 til 1667.

Nikons endra rituala, gudstenesteoppsettet og liturgien til kyrkja, og endra måten ein gjorde krossteikn på frå å utførast med to fingrar til at ein brukte tre. Reformene hans førte til splitting og underminerte rolla til kyrkja. Dei som ikkje akseptert kyrkjereformene blei kjende som gammaltruande, med eller utan prestar. Dei braut med kyrkja og blei kalla for raskolnikar (skismemakarar).