Hopp til innhald

Pizzabakeren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pizzabakeren

Org.formAksjeselskap
Org.nr.985917957
BransjeSnøggmat
Skipamai 2003
HovudkontorSandnes kommune
LandNoreg
Produktpizza
Nettstadhttps://www.pizzabakeren.no/ (norsk)

Pizzabakaren er ei norsk pizzarestaurantkjede. Pizzabakaren er basert på henting og har meir enn 200 pizzabakeri fordelt i alle fylka i Noreg. Pizzabakeren har òg pizzarestaurantar i Sverige, Danmark, Irland og Kina.[1]

I 2003 vart Pizzabakaren skipa av William Gulliksen og Arild Ask Bringeland etter at dei slo saman pizzautsala sine, «Hundvåg Krossen Pizza» og «Pizzabakaren», for å danna éi kjede i Stavangerregionen med hjelp frå Jan Henrik Jelsa og Hans Georg Jelsa.[2][3] Pizzabakeren vart ein stor suksess etter at dei opna ein ny restaurant på Klepp, og vart den pizzakjeda i landet som vaks snøggast.[4] I 2015 skipa dei pizzarestaurantar utanfor Noreg, fyrst i Uppsala i Sverige.[1] Den 10. august 2016 opna Pizzabakeren eit pizzabakeri i den kinesiske byen Qingdao.[5]

  1. 1,0 1,1 «Fakta», Pizzabakeren (på engelsk), henta 28. november 2022 
  2. «Fakta». Pizzabakeren. 2017. Arkivert frå originalen 20. august 2017. Henta 20. august 2017. 
  3. Pedersen, Siri Wichne (4. januar 2015), «Et norsk gründereventyr», NRK (på norsk bokmål), henta 28. november 2022 
  4. «Pizzabakeren - Pizzabakeren | Les mer om oss», www.pizzabakeren.no, henta 28. november 2022 
  5. «Norsk pizzakjede åpner i Kina». e24.no. 10. august 2016. Henta 20. august 2017.