Radika
Radika | |||
elv | |||
Land | Kosovo, Nord-Makedonia | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 665 km² | ||
Lengd | 70 km | ||
Kjelde | Vratsa i Kosovo | ||
Munning | Svarte Drin sør for Debar i Nord-Makedonia | ||
Radika 41°29′38″N 20°30′54″E / 41.494°N 20.515°E | |||
Wikimedia Commons: Radika |
Radika (makedonsk og serbisk Радика, albansk Radikes) er ei elv sør i Serbia (Kosovo) og vest i Nord-Makedonia. Ho har ei lengd på 70 km og er ei sideelv til Svarte Drin.
Sjølve Radika er berre 52 km lang, men målt frå den fjernaste kjelda i nedslagsfeltet, som er elva Crni Kamen er ho 70 km lang.
Crni Kamen (Црни Камен; «Svart stein») har kjelda si på nordsida av fjellet Vratsa i Šar Planina nedanfor toppen Golema Vratsa (2 582 moh). Crni Kamen renn vestover før ho brått snur sørover og munnar ut i grenseelva Ćafa Kadis.
Ćafa Kadis har kjelda si på sørsida av Vratsa og renn vestover og dannar i fleire kilometer grensa mellom Kosovo og Nord-Makedonia. Etter at ho mottar Crni Kamen frå høgre og ei anna elv frå Kosovo renn ho innover i Nord-Makedonia og får frå dette punktet namnet Radika.
Radika munnar ut i Svarte Drin (Crni Drim) like sør for Debar. Svarte Drin renn vidare mot Adriahavet gjennom Albania. Radika har eit nedslagsfelt på 665 km² og kan ikkje nyttast til elvefart.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Radika» frå Wikipedia på engelsk, den 1. februar 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Mala Prosvetina Enciklopedija, Tredje utgåve (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2
- Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6