Religiøs likning
Utsjånad
Ei likning er eit biletleg uttrykk, ei samanlikning, som vert nytta for å gjere greie for tankar om til dømes sanning og etikk. Jesus brukte ofte likningar i si forkynning, mange av dei er gjevne att i evangelia i Det nye testamentet.
Likninga er eit stilistisk verkemiddel som òg vert nytta i ulike slag verdsleg litteratur, som i fablar. Mest kjende er Æsops fablar. Jamfør parabel og allegori.