Romteleskopet Gaia
Utsjånad
Gaia er eit ESA-romteleskop som skal kartleggja Mjølkevegen gjennom å fotografera over éin milliard stjerner, noko som utgjer kring éin prosent av alle stjernene i galaksen. Romteleskopet har ein kameradetektor på nær éin milliard biletelement. Det er etterfylgjaren til Hipparcos-teleskopet og vart skote opp 19. desember 2013 klokka 09:12 GMT frå Fransk Guyana.