Riksveg 13
Riksveg 13 | |||
---|---|---|---|
Rv 13 kryssar Låtefossen i Odda | |||
Strekning | |||
Balestrand/Leikanger – Sandnes | |||
Informasjon | |||
Lengd | 449,9 km | ||
Status Fylke |
riksveg Rogaland Vestland | ||
Ferjestrekningar | 3 | ||
Tilstøytande vegar | |||
Restriksjonar | |||
Kolonnekøyring | Vikafjellet (om vinteren) | ||
Nattestenging | Vikafjellet (om vinteren) |
Riksveg 13 (Rv13) går mellom Stavanger i Rogaland fylke og Sogndal i Sogn og Fjordane fylke. Vegen går parallelt med Europaveg 39, men lenger aust. Mellom Oanes og Sand blir vegen også kalla Ryfylkevegen.
Vegen tek av frå E39 ved Schankeholen i Stavanger. Traséen vidare er Hundvågtunnelen - Ryfylketunnelen - Solbakk - Tau i Ryfylke - Hjelmeland Nesvik - Sand i Ryfylke - Suldal - Røldalsvatnet - Seljestad - Odda - Tyssedal - Lofthus - Kinsarvik - Bu - Vallavik - Granvin - Voss - Vinje i Voss - Myrkdalen - Vikafjell - Viksøyri - Vangsnes Hella. I Sogndal møter vegen .
Over Vikafjellet mellom Hordaland og Sogn og Fjordane passerer i gjennomsnittleg 450 køyretøy i døgnet, i januar er talet nede i 150 og i juli er trafikken opp mot 1200 i døgnet[1].
Historie
[endre | endre wikiteksten]Riksveg 13 har endra trasé mange gongar.
Sand - Voss
[endre | endre wikiteksten]Før 1992 hadde strekkja mellom Sand og Voss fylgjande vestlegare trasé: Ferje over til Ropeid - Sauda og vidare til Etne kommune om den planlagde Nordstøldalsvegen. Den vegen vart aldri bygd. Vidare gjekk riksveg 13 frå Håland E76 (dagens ) til Skånevik - ferje over til Utåker - Rosendal - Løfallstrand - ferje over til Gjermundshamn - Eikelandsosen - Tysse - Trengereid - Dale - Hamlagrø - Bulken - Voss. Samstundes var vegen mellom Sand og Røldalsvatnet E76 (dagens ) kjent som Riksveg 46.
Etter 1992 fekk gamle Riksveg 13 mellom Håland i Etne og Tysse i Samnanger nemninga Riksveg 48.
Vangsnes - skiftande endepunkt på nordsida av Sognefjorden
[endre | endre wikiteksten]Før 1986 gjekk Riksveg 13 frå Dragsvik ferjekai vestover langsmed Sognefjorden gjennom Balestrand og Høyanger og møtte Riksveg 1 (dagens ) i Vadheim.
I dette året opna ny veg med Fjærlandstunnelen mellom Skei og Fjærland, og Riksveg 5 vart flytta til den nye vegen. Samstundes tok Riksveg 13 over traséen mellom Dragsvik og Moskog, og riksvegen gjekk då i sin heilheit mellom Sandnes og Førde. Riksveg 55 vart forlenga frå Hella og tok over strekninga mellom Dragsvik og Vadheim.
Ved regionreforma av fylkesvegar frå 1. januar 2010 blei delstrekninga nord for Sognefjorden omklassifisert til fylkesveg.
I 2019 fekk mange fylkesvegar nye vegnummer[2], og Fylkesveg 13 fekk nemninga Fylkesveg 613. Samstundes tok Riksveg 13 over traséen til Riksveg 55 mellom Hella ferjekai og Sogndal. Riksveg 55 var ei utskild delstrekning av Fylkesveg 55 med riksvegstatus frå 2010.
Kommunar og knutepunkt
[endre | endre wikiteksten]- E39 Schankeholen
- Hundvågtunnelen (5,7 km)
- Hundvåg nord, avkøyring leiar til Fv4566 Hundvåg Ring
- Ryfylketunnelen (14,3 km)
- Solbakk, Fv523 til Oanes
- Fv528 frå Solbakk til Fv528 Tjaustheim
- Fv522 frå Hundsnes til Tauåna
- Fv522 Tauåna
- Tau, Fv4658 til Døvik
- Fv521 frå Kvam til Fv522 Strand kyrkje (2,1 km)
- Fv511 frå Vasstveit til Fv523 Fiskå (6,2 km)
- Fv519 frå Holtakrossen til Holta (3,1 km med sideveg)
- Fv528 frå Bjørheimsbygd til Fv521 Strand kyrkje
- Fv661 frå Tveit til Helmikstølen i Forsand
- Fv637 frå Storå bru til Fv633 Valheim (1,3 km)
- Fv633 frå Mæle til Egeland
- Fv639 frå Årdal til Årdal kai (0,5 km)
- Fv634 frå Fisterkrysset til Øvrabø
- Fv631 frå Kleppa til Fv634 Fister
- Fv660 frå Hjelmeland til Tøtlandsvik
- Ferje frå Hjelmeland (15 min, 1-2 turar/time)
- til Nesvik
- Fv656 frå Nesvik til Knutsvik (3,9 km)
- Bastlitunnelen (245 m)
- Bukkatunnelen (215 m)
- Skottettunnelen (630 m)
- Vardanetunnelen (200 m)
- Kjøladalstunnelen (133 m)
- Vindsviktunnelane I og II (180 og 57 m)
- Fv632 frå Indre Eidane til Førland
- Galtadalstunnelen (30 m)
- Husatunnelen (78 m)
- Osbergtunnelen (630 m) - Opna i 2012 saman med drygt 3,5 km utbetra veg[3]
- Fv687 frå Hålandsosen til Rørtveit (10,9 km)
- Erfjord
- Rossajuvtunnelen (36 m)
- Erfjord bru (294 m)
- Fv684 frå Vik til Tednes
- Kolstøtunnelen (100 m)
- 517 Lovraeid til Jelsa
- Lovraeidtunnelene I og II (207 og 93 m)
- Velaskartunnelen (294 m)
- 46 Berge → Sand - Ropeid → E39 Knapphus
- → 520 Ropeid til Sauda
- Fv632 frå Førland til Indre Eidane
- Suldalsosen
- Kolbeinstveit
- Fv692 frå Kolbeinstveit til Kvildal (6,1 km)
- Suldalsdampen
- Helganes
- Suldalsporten tunnel (733 m)
- Ivarsflottunnelen (1014 m)
- Hylstunnelen (2320 m)
- Vågstunnelen (837 m)
- Kyrteigtunnelen (141 m)
- Litlehamartunnelen (61 m)
- Mokleivtunnelen (145 m)
- Mokleivåsen tunnel (467 m)
- Lalid bru (55 m)
- Vikatunnelen (1193 m)
- Falkalitunnelen (1210 m)
- Røynevarden tunnel (587 m)
- Skårajuvet bru (70 m)
- Krokanesodden tunnel (350 m)
- Bukkaskårtunnelen (410 m)
- Gjuvsåna tunnel (477 m)
- Geitatangen tunnel (160 m)
- Urheimtunnelen (440 m)
- Fv691 frå Nesflaten til Bråtveit
- Kjeldhammertunnelen (265 m)
- Djupedalstunnelen (406 m)
- Uføreberget tunnel (338 m)
- E134 Horda, felles trasé til Jøsendal
- Hordatunnelen (475 m) (vendetunnel)
- 520 Hordalia
- Trasé 1
- Røldalstunnelen (4657 m)
- Seljestadtunnelen (1272 m)
- Trasé 2
- Torgilsholtunnelen (189 m)
- E134 Jøsendal
- Arm frå Steinaberg bru til Skare (1,0 km)
- Fv100 frå Skarsmo til Tveit (3,5 km)
- Låtefossen
- Lausasteintunnelen (681 m)
- 550 Odda
- Kviturtunnelen (470 m)
- Tyssedalstunnelen (1538 m)
- Tyssedal
- Okslatunnelen (1231 m)
- Stanatunnelen (607 m)
- Skarvabjørgtunnelen (122 m)
- Fresviktunnelen (2162 m)
- Vindhammartunnelen (118 m)
- Fv101 frå Hovland til Sandstå (3,1 km)
- Hovlandtunnelen (ca. 700 m)
- Fv101 Sandstå
- Fv102 frå Lofthus til Ernes (3,2 km)
- Fv102 Ernes
- Sidestrekningar
- Fv108 frå Kinsarvik til Stølsbrua (2,4 km)
- Blakhammartunnelen (220 m)
- 572 Bruravik
- Fv302 frå Vallavik til Djønno
- Vallaviktunnelen (7510 m)
- Kollanes
- Gullhammartunnelen (194 m)
- 572 Holven
- Fv305 frå Øvre Granvin til Nesheim (1,1 km)
- Fv306 Fennavegen frå Bjørgum til Fenne (4,9 km)
- Fv307 frå Palmafossen til Ørnaberget
- Sideveg til Voss Finnesloftet, Mølstertunet
- E16 Tvildemoen, felles trasé til Vinje
- Fv315 Ringheimsvegen
- Fv309 Nedkvitnesvegen frå Skulestadmo til Tvinde
- Fv309 Tvinde
- Tvinnefossen
- E16 Vinje
- Vikafjellet - fjellovergang (om lag 976 m.o.h.) og fylkesgrense
- Storehaugtunnelen (1044 m)
- Hopperstad stavkyrkje
- Fv5601 Rulsen → Røysavegen til Myrkaskog
- Fv5600 Vikøyri → Fjordavegen til Arnafjord
- Vangsnes
- Vangsnes ferjekai
- Passeringsveg gjennom ferjekaia vidare austover held fram som:
- Vegarm Vangsnes-Dragsvik
- 55613 Dragsvik ferjekai.
- Vegarm Dragsvik-Hella
- Vangsnes-Hella
- Holene → Eggjavegen → Fv5611
- Veten → Valbrekkevegen → Fv5611
- Leikanger → Husabøvegen → Fv5610
- Hermansverk
- Fv5609 Njøs → Njøsavegen til Sæberg
- Fatlatunnelen (2250 m)
- Stedjebergtunnelen (2100 m)
- Sogndal
- Stedje
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Statens vegvesen trafikktelling, tall for 2011 http://www.vegvesen.no/Fag/Trafikk/Trafikkdata/Trafikkregistreringer Arkivert 2015-04-30 ved Wayback Machine.
- ↑ «Endringer i vegnettet 2019». Vegvesenet. 27. september 2019. Henta 4. august 2022.
- ↑ NRK Rogaland: Feiret veiåpning med jubel og flagg
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Statens vegvesen – vegrapport Rv13
- Statens vegvesen – vegmeldinger
- Statens vegvesen: Vegliste 2007 «Riksvegar» Arkivert 2007-10-30 ved Wayback Machine.