Santiago Carillo
Santiago Carillo | |
Statsborgarskap | Spania |
Fødd | 18. januar 1915 Gijón |
Død |
18. september 2012 (97 år) |
Yrke | politikar, skribent |
Språk | spansk |
Politisk parti | Spanias kommunistiske parti, Workers' Party of Spain – Communist Unity |
Far | Wenceslao Carrillo |
Santiago Carillo på Commons |
Santiago Carillo (18. januar 1915–18. september 2012) var ein spansk politikar som var generalsekretær i kommunistpartiet (Partido Comunista de España) frå 1960 til 1982. Han var først medlem i sosialistpartiet (Partido Socialista Obrero Español), men vart medlem i PCE under Den spanske borgarkrigen, i 1936.
Etter borgarkrigen flykta han til Paris. Han var 38 år i eksil, mesteparten av tida i Frankrike.
Han vart leiar i PCE i 1960. I 1968, då sovjetiske styrkar invaderte Tsjekkoslovakia, byrja Carillo å distansere partiet frå Moskva.
Han vende attende til Spania i 1976 etter at Francisco Franco var død. I lag med Georges Marchais og Enrico Berlinguer lanserte Carillo eurokommunismen på eit møte i Madrid i 1977.
Carillo spela ei viktig rolle i den vellykka overgangen til demokrati i Spania. Han vart vald inn i nasjonalforsamlinga ved vala i 1977, 1979 og 1982. Dette året måtte han gå av som partileiar etter eit dårleg val for partiet. I 1985 vart han og nokre tilhengarar ekskluderte frå PCE. Dei danna ei ny moderat kommunistisk gruppe, men denne vart ikkje nokon suksess, og gruppa gjekk i 1991 inn i PSOE.
I 2005 vart han gjeven eit æresdoktorat ved Det autonome universitetet i Madrid. Høgrevridde kommentatorar kritiserte dette sterkt, og høgreekstremistar laga bråk ved seremonien, noko som i sin tur vekte motreaksjonar i mainstream-media. [1]
Carillo skal i 1991 ha sagt: «Kommunistrørsla har fullført den historiske syklusen sin, og det gjev inga meining å prøve å forlenge denne.»
Verk
[endre | endre wikiteksten]- "Adónde va el Partido Socialista? (Prieto contra los socialistas del interior)" (1959)
- "Después de Franco, ¿qué?" (1965)
- "Problems of Socialism Today" (1970)
- "Eurocomunismo y Estado" (1977) English edition: Eurocommunism and the State, Lawrence and Wishart, 1977, ISBN 0-85315-408-2
- "El año de la Constitución" (1978)
- "Memoria de la transición: la vida política española y el PCE" (1983)
- "Problemas de la transición: las condiciones de la revolución socialista" (1985)
- "El año de la peluca" (1987)
- "Problemas del Partido: el centralismo democrático" (1988)
- "Memorias" (1993)
- "La gran transición: ¿cómo reconstruir la izquierda?" (1995)
- "Un joven del 36" (1996)
- "Juez y parte: 15 retratos españoles" (1998)
- "La Segunda República: recuerdos y reflexiones" (1999)
- "¿Ha muerto el comunismo?: ayer y hoy de un movimiento clave para entender la convulsa historia del siglo XX" (2000)
- "La memoria en retazos: recuerdos de nuestra historia más reciente" (2004)
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelde
[endre | endre wikiteksten]Den engelskspråklege wikipediaen, art. Santiago Carillo.