Sergio Romero
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Sergio Germán Romero | ||
Fødd | 22. februar 1987 (37 år) | ||
Fødestad | Bernardo de Irigoyen | ||
Høgd | 192 cm | ||
Posisjon | Keeper | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Manchester United | ||
Nummer | 20 | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2007 2007-11 2011-15 2013-14 2015- |
Racing Club AZ Sampdoria Monaco (lån) Manchester United |
5 (0) 90 (0) 71 (0) 3 (0) 6 (0) | |
Landslag | |||
2009- | Argentina | 93 (0) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 17. mai 2017 ‡ Landslagsmål oppdatert 15. november 2017 |
Sergio Germán Romero (fødd 22. februar 1987 i Bernardo de Irigoyen i Misiones-provinsen) er ein argentinsk fotballspelar og keeper som i 2018 spelar for Manchester United i engelsk Premier League og for det argentinske landslaget.
Romero begynte fotballkarrieren sin hjå Racing Club i Argentina. Han vart seld til AZ i Alkmaar i Nederland for 1,5 millionar euro i 2007. Frå 2008/09-sesongen har han vore førstekeeperen til klubben. I mars 2009 knekte han hand i frustrasjon etter eit tap i kvartfinalen i cupen og var ute med skade i ein månad. Klubben vart seriemeister i Nederland i 2008/09-sesongen.
Romero har representert Argentina på diverse aldersbestemte landslag. I 2008 var han med å vinna fotballturneringa under sommar-OL. Han var første gong med i A-landslagstroppen som unytta reservekeeper då Argentina tapte 2-1 mot Noreg på Ullevaal 22. august 2007. I 2008 debuterte han for Argentina sitt A-landslag og hausten 2009 stod han i mål under dei tre siste, avgjerande kampane til Argentina i kvalifiseringa til fotball-VM i 2010. Sidan Argentina vann dei to siste kampane, kvalifiserte dei seg til fotball-VM.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia med tilleggsstoff frå nederlandsk wikipedia 14. mars 2010.