Sleneset
Utsjånad
Sleneset | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Helgeland |
Koordinatar | 66°21′49″N 12°36′29″E / 66.36361°N 12.60806°E
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Nordland
|
Demografi | |
Folketal | ca. 430
|
Sleneset er ei øy i Lurøy kommune i Nordland. Ho er ein del av øygruppa Solvær. Helgelandske driv dagleg snøggbåt frå Sandnessjøen til Træna som går innom Sleneset, og dei driv ferje frå Stokkvågen til Træna som vitjar Sleneset.
På Sleneset finst det barnehage, barne- og ungdomsskulen Moflag Skole og aldersheimen Kløverheimen. Her finst òg daglegvarebutikk, rorbuer til gjesteovernatting, Moflag kyrkje, kaféen Fjærkroa og gjestehamn. Postnummeret hit er 8762 SLENESET.