Smalkjempe
Utsjånad
Smalkjempe | |
Smalkjempe | |
Status | |
Status i Noreg: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Leppeblomordenen Lamiales |
Familie: | Kjempefamilien Plantaginaceae |
Slekt: | Kjempeslekta Plantago |
Art: | Smalkjempe P. lanceolata |
Vitskapleg namn | |
Plantago lanceolata |
Smalkjempe (Plantago lanceolata) er ein fleirårig plante i kjempeslekta som har ei sirkumpolar utbreiing .
Planta er om lag 25 cm høg med opprette blad, oftast med lange granne hår. Blada, som er lansettforma, er samla i ein rosett. Stenglane er lodne og femkanta. Akset er avlangt, stundom mest kulerundt. Smalkjempe har gulbrune kronbladflikar og gulkvite mjølknappar. Kapselen har eitt eller to frø, som er rifla på innsida. Planten blømer kring mai. Ha veks på enger, bakkar og turt lende.
I Noreg er smalkjempe heimleg eller komen inn med tidleg jordbruk. Han veks nord til Troms, og er funnen opp til 1000 m høgde i Hol.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 951.
- Svensk Wikipedia.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Smalkjempe ved Urtekildens planteleksikon