Spellemannprisen 1979
Utsjånad
Spellemannprisen 1979 vart delt ut i februar 1980 i Chateau Neuf i Oslo. Den 90-år gamle komponisten og valsekongen Reidar Thommesen fekk heidersprisen frå juryen dette året, og musikaren Pete Knutsen fekk diplom som spesialpris. Dette året vart det for fyrste og einaste gong delt ut pris i klassen «kor-plate». I tillegg var klassane «pop» og «rock» attende igjen, og som året før vart det delt ut to prisar i open klasse. Det vart ikkje delt ut nokon pris for beste barneplate. Arve Tellefsen var programleiar under utdelinga.
Vinnarar
[endre | endre wikiteksten]Klasse | Artist | Tittel |
---|---|---|
Pop | Anita Skorgan | Ingen vei tilbake |
Rock | Pål Thowsen | Surprise |
Folkemusikk/gammaldans | Bjørgum/Berg/Kvifte/Stubseid | Slinkombas |
Jazz | Bjørn Alterhaug | Moments |
Klassisk musikk/samtidsmusikk | Oslo Trio | Felix Mendelsohn og Frank Martin komposisjoner |
Kor-plate | Bergen Domkantori | Folketoner i glass og ramme |
Visesong | Jan Eggum | En sang fra vest |
Open klasse | Det Norske Teatret | Så lenge skuta kan gå |
Open klasse | Jon Eikemo | Leser Jacob Sande |
Spesialpris: heiderspris frå juryen | Reidar Thommessen | Garden of Memories |
Spesialpris: diplom | Pete Knutsen |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Nettstaden ifpi.no Arkivert 2007-06-13 ved Wayback Machine.