Svein Larsen
Svein Larsen | |||
| |||
Fødd | 19. august 1952 (72 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, redaktør, forretningsdrivande | ||
Far | Gunnar Alf Larsen |
Svein O. Larsen (fødd 19. august 1952) er ein norsk politikar (Ap) og radiogründer. Han var aktiv i oppbygginga av P4, der han frå 1993 til 1999 var redaktør og administrerande direktør.
Larsen har grunnfag i statsvitskap frå Universitetet i Oslo,[1] og vart seinare utdanna frå Norsk Journalistskole.[2] Frå 1976 til 1979 var Larsen informasjonssekretær i Oslo Arbeidarparti, før han frå 1979 til 1981 var politisk sekretær for kyrkje- og undervisingsminister Einar Førde. Frå 1982 til 1988 var Larsen vald sekretær i Oslo Arbeidarparti.[3] Han var òg varamedlem i landsstyret til Arbeidarpartiet.[4] Som sekretær i Oslo Arbeidarparti var Larsen blant anna aktiv i planar om å skape ein nærradiostasjon for partiet i Oslo.[5]
Larsen var viseformann i Vålerengens Idrettsforenings hovudstyre frå 1985 og var klubbformann frå 1986 til 1988.[6][7] Formannstida til Larsen var prega av svak økonomi, og Vålerenga vart i 1987 det fyrste norske idrettslaget som vart sett under administrasjon.[8]
Etter eit par år i Singapore der han jobba for Noregs Eksportråd kom Larsen tilbake til Noreg i 1991, og frå 1992 til 1993 var han formann i Oslo Arbeidarsamfunn.[9][10] Han arbeidde så som dagleg leiar i Radio Hele Norge,[11] og vart òg administrerande direktør og redaktør i P4 Radio Hele Norge når kanalen gjekk i gang med ordinær drift i 1993.[2] Den nye radiokanalen leverte raskt gode resultat, og i 1994 var somme program oppe i 500 000 lyttarar samstundes som P4 hadde eit overskot på fem millionar kroner av ein omsetnad på 75 millionar.[12] Hausten 1996 vart P4 notert på Oslo Børs, og børsverdien til selskapet var då 700 til 800 millionar.[13] Under leiing av Larsen ekspanderte også P4 utanlands, og stod bak radiostasjonar i Sør-Afrika.[14] Larsen gjekk av som leiar ved årsskiftet 1998-99.
På nyåret 2000 var Larsen aktuell som ny leiar for Oslo Arbeidarparti etter Britt Hildeng.[15]
Etter at Larsen gjekk frå P4 selde radiostasjonen seg ut frå Sør-Afrika. Larsen følgde likevel sjølv opp prosjektet, og drog i 2000 nedover for å overta.[16] Frå 2000 til 2003 var han leiar for selskapet Makana Investment, og frå 2003 til 2006 var han radiosjef i P4 Cape Town og P4 Durban.[3] Larsen var òg via selskapet 21st Venture inne på eigarsida i Kanal 24.[17] Frå 2006 til 2008 var han dagleg leiar i 21st Venture.[3]
Frå 2008 har Larsen vore administrerande direktør og redaktør for Radio Metro.[3] Som Radio Metro-sjef har Larsen trekt kulturminister Trond Giske for retten etter et Giske opphevde den tildelte konsesjonen frå Medietilsynet i Oslo-området.[18]
Svein Larsen er son av fylkesmann og stortingsrepresentant Gunnar Alf Larsen.[19]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Rødreven». Dagens Næringsliv (27. april 1996)
- ↑ 2,0 2,1 «Radio Hele Norge på lufta til høsten: Svein Larsen blir toppsjef i P4». Aftenposten Aften (3. mars 1993)
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 «Radioprofilen : Svein Larsen». RadioAssistant.com. 15. desember 2008. Henta 19. januar 2009.
- ↑ «Mange nye valgt i Ap.». Aftenposten Morgen (26. mars 1985)
- ↑ «Godt å slippe makten». VG (16. mars 1984)
- ↑ «Kjendiser tror på VIF». VG (30. september 1986)
- ↑ «VIF gjør opp». Aftenposten Morgen (19. november 1986)
- ↑ «Svein Larsen med tro på VIFs freamtid». NTBtekst (1. desember 1987)
- ↑ «Larsen nyvalgt leder i Arbeidersamfunnet». Aftenposten Aften (13. mai 1992)
- ↑ «Ap.s ukjente familiedynasti». Aftenposten Aften (3. mai 1996)
- ↑ «Vil presse Kleveland om P4». Aftenposten Morgen (22. september 1992)
- ↑ «Knalltall fra P4». VG (31. desember 1994)
- ↑ «Flying start for P4 på børs». Dagens Næringsliv (23. september 1996)
- ↑ «P4 erobrer Sør-Afrika». Dagbladet (31. august 1997)
- ↑ «Hvem av disse blir ny leder i Oslo Ap.?». Aftenposten Aften (19. januar 2000)
- ↑ «Larsen til Afrika». Dagens Næringsliv (10. juni 2000)
- ↑ «Larsen krever endringer i Kanal 24». Aftenposten Aften (25. februar 2004)
- ↑ «Radio Metro saksøker Giske». e24.no. 4. desember 2008. Henta 19. januar 2009.
- ↑ «Friske skudd på politiske familietrær : I mødrenes og fedrenes fotspor ». Aftenposten Morgen (7. mars 1987)
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |