Hopp til innhald

Sverdlovsk i Ukraina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sverdlovsk
ukrainsk Свердловськ
by
Flagg
våpen
Land  Ukraina
Oblast Luhansk oblast
Rajon Sverdlovskyj rajon
Koordinatar 48°5′N 39°39′E / 48.083°N 39.650°E / 48.083; 39.650
Areal 83,84 km²
Folketal 65 868  (2011)
Folketettleik 786 / km²
Kart
Dovzhansk
48°05′04″N 39°39′06″E / 48.08455°N 39.651630555556°E / 48.08455; 39.651630555556
Kart som viser Sverdlovsk i Ukraina.
Kart som viser Sverdlovsk i Ukraina.
Kart som viser Sverdlovsk i Ukraina.
Wikimedia Commons: Sverdlovsk, Luhansk Oblast

Sverdlovsk (ukrainsk Свердловськ, Sverdlovsk; russisk Свердловск) er ein by i Luhansk oblast (provins) søraust i Ukraina. Han er det administrative senteret i Sverdlovskyj rajon (distrikt), medan sjølve byen er eit eige rajon i oblastet. Han ligg kring 80 km frå Luhansk. Sidan 2014 har byen vore kontrollert av den såkalla folkerepublikken Luhansk. 12. mai 2016 vart han omdøypt til Dovzjansk (ukrainsk Довжанськ) av dei ukrainske styresmaktene.[1]

Byen har kring 65 000 innbyggjarar (2011). Dei fleste av innbyggjarane arbeider i gruveindustrien.

Byen har røter i ein liten landsby ved kjelda til elva Dolzjyk. Mot slutten av 1700-talet vart han av Katarina II av Russland gjeven til ataman Vasyl Orlov som løn for glimrande militærteneste. Landsbygda fekk namnet Dolzjykovo-Orlovske. Utviklinga av området skaut fart mot slutten av 1800-talet etter at det vart oppdaga kol i Donetsk-regionen. I 1938 fekk han bystatus og det noverande namnet til minne om bolsjevikleiaren Jakov Sverdlov.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]