Sverre Mauritzen
Sverre Mauritzen | |||
Fødd | 6. oktober 1943 (81 år) Stavanger kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, diplomat | ||
Alle verv |
|
Sverre Mauritzen (fødd 6. oktober 1943) er ein norsk næringslivsleiar og politikar frå Stavanger. Han representerte Rogaland og Høgre på Stortinget i tida 1981-93.
Far til Mauritzen var fabrikkeigar. Sverre Mauritzen tok realeksamen ved St. Svithun gymnas, examen artium ved Stavanger handelsgymnasium og i 1967 siviløkonom-eksamen Norges Handelshøyskole. Åra 1967-71 var han så seksjonssjef i Rieber & Søn Plastic-Industri AS i Bergen. Der etter var han til 1984 disponent i S. Mauritzens Sønner AS i heimbyen Stavanger, samstundes som han i seks år førelas i marknadsøkonomiske fag ved Rogaland distriktshøgskole.
Mauritzen var medlem i Stavanger bystyre og formannskap 1976-83. Ved stortingsvalet 1981 var han Rogaland Høgre sin fyrstekandidat og såleis «sikra» plass i det nye stortinget, og vart sidan attvald to gonger. Samstundes var han 1981-86 styreformann i AS Rogalandsbanken. På Stortinget var han alle tolv sesjonane med i Kommunal- og miljøvernkomitéen, nestleiar i komiteen 1989-93. Han var elles leiar 1984-92 i Høgre sitt kommunalutval.
Etter åra på Stortinget var Mauritzen i tre år ambassaderåd for kommunale og regionale spørsmål ved Norges faste delegasjon til Den europeiske unionen i Brussel. Sidan var han 1996-97 generalsekretær i Nordsjøsekretariatet, 1997-2003 sekretariatsleiar i Samarbeidsrådet for Vest- og Sørlandet og 2004-07 rådgjevar i internasjonale saker i Vestlandsrådet i Stavanger.
Mauritzen kom tilbake i politikken som medlem av fylkestinget i Rogaland frå 2011.