Hopp til innhald

Symfoni nr. 29 av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Symfoni nr. 29 i A-dur
K. 201
Symfoni av Wolfgang Amadeus Mozart
PeriodeWienerklassisismen
Komponert1774
Typisk lengd24:50
Satsar/akter4
ToneartA-dur

Symfoni nr. 29 i A-dur, K. 201, vart komponert av Wolfgang Amadeus Mozart den 6. april 1774.[1] Han er i lag med Symfoni nr. 25, ein av dei meir kjende av dei tidlege symfoniane hans. Stanley Sadie skildrar han som «eit landemerke, personleg i tone, og faktisk kanskje meir individuell i kombinasjonen av ein intim, kammermusikkstil med ei framleis lidenskapleg og impulsiv framferd»[2]

Hovudtemaet i den første satsen, m. 13

Symfonien består av fire satsar:

  1. Allegro moderato, 2/2
  2. Andante, 2/4
  3. Menuett: Allegretto – Trio, 3/4
  4. Allegro con spirito, 6/8
  1. Mozart, Wolfgang Amadeus; Giglberger, Veronika (preface) (2005). Die Sinfonien III. Sett om av Robinson, J. Branford. Kassel: Bärenreiter-Verlag. s. XIII.  ISMN M-006-20466-3
  2. Stanley Sadie, The New Grove Mozart. New York, W. W. Norton & Company, 1983. ISBN 0-393-30084-6. s. 41.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]