Tana og Varanger Museumssiida
Utsjånad
Tana og Varanger Museumssiida | |||
Skipa | 2010 | ||
---|---|---|---|
Tana og Varanger Museumssiida 70°10′20″N 28°33′38″E / 70.172297°N 28.560462°E |
Tana og Varanger museumssiida (nordsamisk Deanu ja Várjjat Museasiida) er ei museumsstifting som omfattar lokale samiske museum i Sør-Varanger, Tana og Nesseby kommunar aust i Finnmark.
Stiftinga Tana og Varanger museumssiida blei skipa i 2010 med Sametinget, Sør-Varanger kommune, Nesseby kommune og Tana kommune som stiftarar. Ho har ansvar for den daglege drifta, medan dei respektive kommunane eig museumsbygningane og samlingane deira. Organisasjonen har hovudkvarter ved Varanger Samiske Museum i Varangerbotn.
I Tana og Varanger museumssiida inngår:
- Varanger Samiske Museum (Várjjat Sámi Musea) i Varangerbotn
- Tana museum (Deanu Musea) i Polmak
- Äʹvv skoltesamisk museum i Neiden, tidlegare Østsamisk museum
- Saviomuseet i Kirkenes
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tana og Varanger Museumssiida» frå Wikipedia på bokmål, den 4. mai 2022.