Trajans forum
Utsjånad
Trajans forum i Roma opna 1. januar 112 e. Kr., er det siste og største av dei romerske foruma, og det som er i best stand. Forumet er rekna som eit av keisarforuma, Fori Imperiali. Det er på 300 x 185 m, og ligg mellom Kapitol og Quirinal. Byggmeisteren var den største arkitekten i samtida, Apollodorus frå Damaskus. Trajansøyla står til minne om sigrane til keisar Trajan av Romarriket.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |