Tuxtla Gutiérrez
Utsjånad
Tuxtla Gutiérrez | |||
by | |||
Land | Mexico | ||
---|---|---|---|
Folketal | 578 830 (2020)[1] | ||
Tuxtla Gutiérrez 16°45′11″N 93°06′56″W / 16.753055555556°N 93.115555555556°W | |||
Kart som viser Tuxtla Gutiérrez.
| |||
Wikimedia Commons: Tuxtla Gutiérrez |
Tuxtla Gutiérrez er delstatshovudstaden i Chiapas i Mexico. Byen har eit folketal på 503 320 og arealet er 159.2 km².
Zoquefolk grunnla den fyrste busetnaden på staden. Dei kalla dalområdet Coyatoc, som tyder ‘kaninland’. Aztekarar kom inn i området mellom 1486 og 1505 og kalla det Tuchtlan, som har same tyding på aztekisk.[2] Byen blei offisielt omdøypt til Tuxtla Gutiérrez 31. mai 1848 av guvernør Fernando Nicolás Maldonado for å æra Joaquín Miguel Gutiérrez, ein tidlegare guvernør i Chiapas som streva for at staten skulle annekterast av Mexico.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.inegi.org.mx/programas/ccpv/2020/.
- ↑ «Tuxtla Gutiérrez». Enciclopedia de los Municipios de México Estado de Chiapas (på spansk). Mexico: Instituto Nacional para el Federalismo y el Desarrollo Municipal and Gobierno del Estado de Chiapas. 2005. Henta 2. januar 2021.
- ↑ «El Palacio Municipal de Tuxtla Gutiérrez, 1942.» [The Municipal Palace of Tuxtla Gutiérrez] (på spansk). Mexico: Coneculta-Chiapas. 2008. Arkivert frå originalen 3. mai 2014. Henta 29. mai 2011.