Verdscupen i skiskyting 1981
Utsjånad
Verdscupen i skiskyting 1981 tok til den 13. januar og vart avslutta 5. april. Turneringa omfatta 10 individuelle tevlingar, inkludert VM-renna i Lahti. Utøvarane tevla i fem 20 km og like mange 10-kilometerar, òg kalla normalprogram og sprint. I tillegg vart det arrangert tre stafettar over 4 x 7,5 km. Renna fann stad i Jáchymov (2) i Tsjekkoslovakia, Antholz (2) i Italia, Ruhpolding (2) i Vest-Tyskland, Lahti (2) i Finland og Hedanäset i Sverige. Dei seks beste poeng-fangstane til deltakarane talde med i samandraget i verdscupen.
Frank Ullrich frå Aust-Tyskland vann to av dei ti renna og sigra framom Sovjetunionens Anatolij Aljabjev. Nordmannen Kjell Søbak vann 10-km i Jáchymov og enda på tredjeplass i samandraget.
Individuelt
[endre | endre wikiteksten]Plass | Utøvar | Land | Poeng | Sigrar |
---|---|---|---|---|
1 | Frank Ullrich | Aust-Tyskland | 140 | 2 |
2 | Anatolij Aljabjev | Sovjetunionen | 130 | 1 |
3 | Kjell Søbak | Noreg | 128 | 1 |
4 | Eirik Kvalfoss | Noreg | 120 | 2 |
5 | Peter Angerer | Vest-Tyskland | 117 | |
6 | Mathias Jung | Aust-Tyskland | 114 | |
7 | Terje Krokstad | Noreg | 103 | 1 |
8 | Matthias Jacob | Aust-Tyskland | 103 | |
9 | Eberhard Rösch | Aust-Tyskland | 98 | |
10 | Erkki Antila | Finland | 90 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Biathlon-Weltcup 1980/81» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mars 2022.