Yellowstone County
Utsjånad
Yellowstone County er eit fylke sør i den USA-amerikanske delstaten Montana med ei total flatevidd på 6 861 km². Fylket vart grunnlagt i 1893.
I kring 160 000 menneske bur i fylket, om lag 2/3 av dei held til i fylkessenteret Billings.
I fylgje folketeljinga 2000 var 31,1 % av ibuarane tyskætta, 10,4 % norskætta, 9,7 % irskætta og 9,3 % av engelsk ætt.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Yellowstone County, Montana» frå Wikipedia på engelsk, den 5. mai 2021.