Zemgale
Zemgale | |||
region | |||
Latviske kulturelle og historiske regionar og byar.
| |||
Land | Latvia | ||
---|---|---|---|
Zemgale 56°40′00″N 23°30′00″E / 56.6667°N 23.5°E | |||
Wikimedia Commons: Zemgale |
Zemgale, òg kjend under dei latiniserte namna Semigalia eller Semigallia,[a] er ein historisk region i Latvia, som stundom òg inkluderer delar av Litauen. Det har fått namn etter det baltiske folket semigallarar. Zemgale ligg til venstre for elva Daugava og grensar til Selonia, Litauen og Kurland.
Innanfor Latvia er Zemgale rekna som ein av fire kulturelle regionar. Det ligg i sentrale og sørlege delar av Latvia og består av fylka Bauska, Dobele og Jelgava. Regionen er stort sett flat. Lielupe er den viktigaste elva etter Daugava. Av viktige byar finn ein Jelgava, den tidlegare hovudstaden i Kurland og Semigalia, og Bauska.
I mellomalderen var Semigalia ein del av Kurland og var i lag med dette området ein del av Latvia etter den første verdskrigen.
Regionen Selonia vert ofte rekna som ein del av Semigalia. Selonia utgjer dei austlege områda av provinsen Semigalia, som låg sør for Daugava. Tradisjonelt omfatta Selonia òg delar av det nordaustlege Litauen.
Merknader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Zemgale» frå Wikipedia på engelsk, den 21. januar 2008.