Zerei Mezngi
Utsjånad
Zerei Mezngi | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 12. januar 1986 (38 år) Eritrea |
Idrett | friidrett |
Zerei Kbrom Mezngi (fødd 12. januar 1986) er ein eritreisk langdistanseløpar som sidan 2020 representerer Noreg. Han vann sølvmedaljen på 10 000 meter under EM i friidrett 2022. Mezngi kom til Noreg som flyktning i 2012 og fekk norsk statsborgarskap i 2020.
Mezngi tok gullmedaljen på 10 000 meter ved NM 2017 og sikra seg bronsen på 5 000 meter. Under NM i friidrett 2020 vart han norsk meister på mila med personbeste 28.04,2. I tillegg vart han andremann på 5 000 meter. Under europameisterskapen 2002 i München fylgde Mezngi vinnaren Yemaneberhan Crippa frå Italia heilt til innspurten og kneip sølvmedaljen. Tida 27.46,9 var ny personbeste.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Zerei Mezngi» frå Wikipedia på bokmål, den 25. september 2022.
Denne idrettsartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.