Erasmus av Rotterdam var ein nederlandsk teolog og ein av dei leiande personane innan renessanse-humanismen.
Humanismen hadde førebileta sine i antikken, og for Erasmus var det i lys av den nye kunnskapen om antikken viktig å studera Bibelen på grunnspråka. Han gav ut Det nye testamentet på gresk og understreka samstundes kor viktig det var at Bibelen blei omsett til folkespråket.
Erasmus meinte at den sanne kristendommen fanst i den tidlege kyrkja (oldkyrkja), noko som fekk han til å sjå med kritiske auge på kyrkje- og fromheitslivet i samtida. Han innsåg behovet for kyrkjelege reformer og representerte det ein kan kalla ein bibelhumanisme eller reformkatolisisme.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.