Då regjeringa Bratteli kunngjorde sin avgang etter nei-fleirtalet under folkerøystinga i 1972, var haldninga i Stortinget at no måtte nei-sida ta ansvar og skipe regjering. Men kva var nei-sida? Senterpartiet var då det einaste reine nei-partiet på Stortinget. I Kristeleg Folkeparti var gruppa delt på midten, sju representantar sa ja og sju sa nei til EF-medlemskap. I Venstre var det eit klart fleirtal på åtte som sa ja, men eit mindretal på fem som sa nei. I Arbeidarpartiet var det eit klart fleirtal som hadde stemt ja, men dei hadde også ei stor nei-gruppe.
Ja-sida i både Venstre og Kristeleg Folkeparti meinte at Senterpartiet burde skipe regjering åleine, mens nei-sida i dei to partia meinte at det burde bli ei koalisjonsregjering der også heile KrF og Venstre vart med. I KrF vart det ein kraftig indre strid om dette, og i starten av forhandlingane var KrF sitt krav at partiet berre ville delta dersom også heile Venstre var med. Senterpartiet på si side sa seg villig til, om alt anna skar seg, å skipe ei regjering åleine med Per Borten som statsminister, men også i den gruppa var det usemje om Bortens kandidatur.
I KrF måtte ja-sida til slutt gi seg og seie ja til regjeringsdeltaking, men då var føresetnaden at partiets «grand old man», Kjell Bondevik, skulle bli statsminister. Spekulasjonane i pressa gjekk også i retning av at det var uråd å kome utanom Bondevik i statsministerstolen. Lars Korvald, partiets parlamentariske leiar sidan 1965 og partiformann sidan 1967, var det få som rekna med. Alternativet om ikkje Kjell Bondevik ville, kunne lett bli Per Borten, Senterpartiets statsministerkandidat, og då ville det bli bråk både i KrF og i Venstre. Venstre stilte med Hallvard Eika som statsministerkandidat, men det vart snart klart at berre fem i Venstre-gruppa støtta skipinga av denne regjeringa. Det viste seg også at Kjell Bondevik til slutt sa tvert nei til å bli statsminister. Då tok det ikkje lang tid før KrF samla seg om Lars Korvald, og sidan korkje KrF eller Venstre ville ha Borten, vart det Korvald som reiste til Slottet for å få regjeringsoppdraget. Han skulle skipe ei sentrumsregjering med to heile partigrupper og under ei halv Venstre-gruppe bak seg i Stortinget, men med eit nei-fleirtal bak seg i folket.
For Lars Korvald vart det inga enkel oppgåve å skipe regjering. Han hadde lært frå danninga av Borten-regjeringa i 1965 at han som statsminister måtte ha siste ordet om kven som skulle bli statsrådar. Parolen var, særleg frå Senterpartiet, at berre nei-folk skulle med i regjeringa. Dette skapte strid i KrF, og til slutt måtte Borten og Senterpartiet godta at det kom med to KrF-statsrådar frå ja-sida. 39 mandat hadde regjeringa bak seg i Stortinget. Det var berre Bondeparti-regjeringane frå 1931 til 1933 og Johan Ludwig Mowinckel si vaklande Venstre-regjering frå 1933 til 1935 som fram til då hadde hatt svakare parlamentarisk basis. For Korvald-regjeringa viste det seg at det parlamentariske grunnlaget ikkje fekk så mykje å seie. Regjeringa hadde ei hovudoppgåve og det var å skaffe landet ein akseptabel handelsavtale med EF. Inntil den jobben var gjort, var regjeringa nærast freda. Regjeringa kunne kritiserast, og stemmast ned, men ikkje fellast. Det var dessutan ein sterk nei-fraksjon i Arbeidarpartiet som passa på at partiet ikkje la altfor store vanskar i vegen for nei-regjeringa. Nederlaga vart mange i Stortinget, men regjeringa sat vidare til jobben var gjort.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.