Koreansk har ti monoftongar og tolv diftongar. Tabellen viser monoftongane, skrivne i koreansk skrift og i fonemisk transkripsjon. I den koreanske skrifta er vokalteikna kombinerte med ㅇ, som står fremst i ei staving som ikkje begynner med ein konsonant:
- |
fremre urunda |
fremre runda |
bakre urunda |
bakre runda |
trong |
이 i |
위 y |
으 ɯ |
우 u |
midtre |
에 e |
외 ø |
어 ʌ |
오 o |
open |
애 ɛ |
- |
아 a |
- |
Her er dei 12 diftongane: 예 je, 얘 jɛ, 야 ja, 요 jo, 유 ju, 여 jʌ, 위 wi, 웨 we, 왜 wɛ, 와 wa, 워 wʌ, 의 ɯi. I Seoul har fonemet ᅬ ø blitt til diftongen we, slik at 외 og 웨 blir uttalte på same måte. Vokalen ᅥʌ er ofte realisert som [ɔ].
Språket skil mellom korte og lange vokalar, til dømes mal 'hest' mot maːl 'tale', men i skriftspråket kjem ikkje denne skilnaden fram, slik at begge orda blir skrivne 말 ⟨mal⟩. Skilnaden i vokallengd er til vanleg heller ikkje nemnd i ordbøker og lærebøker for utlendingar.
Her er konsonantane i koreansk (merk forkortingane p/a for plosiv/affrikat og fr for frikativ):
- |
labial |
alveolar |
postalveolar |
velar |
glottal |
lenis p/a |
ㅂ b |
ㄷ d |
ㅈ ɟ |
ㄱ ɡ |
- |
fortis p/a |
ㅃ p |
ㄸ t |
ㅉ c
|
ㄲ k |
- |
aspirert p/a |
ㅍ pʰ |
ㅌ tʰ |
ㅊ cʰ |
ㅋ kʰ |
- |
lenis fr |
- |
ㅅ z |
- |
- |
ㅎ h |
fortis fr |
- |
ㅆ s |
- |
- |
- |
nasal |
ㅁ m |
ㄴ n |
- |
ㅇ ŋ |
- |
likvid |
- |
ㄹ l
|
- |
- |
- |
b, d, ɟ, ɡ, z er stemde mellom stemde lydar (nasalar, likvidar, vokalar), og elles ustemde og svakt aspirerte – som i desse døma:
- 고기 ɡoɡi [ɡ̊oɡi] 'kjøt'
- 바보 babo [b̥abo] 'idiot'
p, t, c, k, s er uaspirerte, fortis (med kraftig uttale) og med delvis lukka glottis.
I slutten av ei staving finst det berre éin type plosivar, ikkje tre typar, som elles, og fonemisk blir dei skrivne b d ɡ, og fonetisk [p˺ t˺ k˺]. Dei er ustemde og utan plosjon:
- 북 buɡ [b̥uk˺] 'nord'
- 답 dab [d̥ap˺] 'svar'
Ortografisk finst alle dei tre typane plosivar og affrikatar (lenis, fortis, aspirert) i slutten av ein staving. Fonemet t [t˺] i slutten av ei staving svarer ortografisk ikkje berre til ㄷ⟨d⟩, ㄸ⟨t⟩ og ㅌ ⟨tʰ⟩, men også til ㅅ ⟨z⟩, ㅆ ⟨s⟩, ㅈ ⟨ɟ⟩, ㅉ ⟨c⟩ og ㅊ ⟨cʰ⟩.
Framfor ein i eller ein j er ㅅ z og ㅆ s prepalatale:
- 심발 zimbal [ʑ̥imbal] 'fottøy, sko'
- 씨름 silɯm [ɕiɾɯm] '(koreansk) bryting'
På koreansk er [r] og [l] variantar av det same fonemet, og dei blir skrivne med same bokstaven, ㄹ:
- 굴 ɡul [ɡ̊ul] 'tunnel',
- 머리 mʌli [mʌɾi] 'hovud'
- 발란 ballan [b̥allan] 'mytteri, opprør'
- 열둘 jʌldul [jʌldul] 'tolv'
- 라컷 lakʰed [ɾakʰet˺] 'rakett'
ㄹ l blir uttalt som [ɾ] mellom vokalar og mellom vokal og h. I andre samanhengar er uttalen [l]. Dobbel ll blir uttalt [ll]. Fonemet finst fremst i ord berre i lånord, og blir då uttalt [ɾ].
Kommentarar (3)
skreiv Ole Martin Halck
Denne artikkelen har tre forskjellige stavemåter for skriftspråket («hangeul», »hangeu», »hangŭl»), mens SNLs egen artikkel om dette velger «hangul». Bør dette harmoniseres?
svarte Rolf Theil
Hei! Takk for kommentaren. Eg har retta til hangeul i språkartikkelen. Det var to artiklar som blei slegne i hop, og så hadde ikkje alt blitt harmonisert. Når det gjeld artikkelen om hangeul, skal eg ta det opp med artikkelforfattarane. Dei eller eg må endre translitterasjon!
svarte Ole Martin Halck
Takk for raskt svar!
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.