Relativt tempus er i grammatikken ein type tempus som relaterer tidspunktet for ei hending til eit anna tidspunkt. Det andre tidspunktet kan vere omtalt eller underforstått. Eit eksempel er verbforma hadde mista i setninga «Per sa at Kari hadde mista klokka si». Denne verbforma heiter preteritum perfektum.

Faktaboks

Uttale

r'elativt t'empus

Etymologi

relativ av seinlatin relātīvus, av latin relātus, perfektum partisipp av referre 'bere tilbake'

tempus av latin tempus 'tid'

I eksempelet mista Kari klokka si på eit tidspunkt som gjekk føre tidspunktet då Per sa det. Tidspunktet då Kari mista klokka, blir kalla hendingstidspunktet, og dette var før referansetidspunktet, som er tidspunktet då Per sa det.

Relativt og absolutt tempus

Relativt tempus skil seg frå absolutt tempus, oftast berre kalla tempus, som relaterer hendingstidspunktet til ytringstidspunktet — tidspunktet då setninga blir ytra. Verbet fortalde i setninga over står i (absolutt) preteritum, som uttrykkjer at hendingstidspunktet gjekk føre ytringstidspunktet.

Ved absolutt tempus er det eit skilje mellom preteritum, presens og futurum. Ved relativt tempus er det òg ei tredeling — mellom relativ preteritum, relativ presens og relativ futurum.

Forholdet mellom relativt og absolutt tempus kan ein framstille med desse forkortingane og symbola:

  • H står for hendingstidspunktet
  • R står for referansetidspunktet
  • Y står for ytringstidspunktet
  • > er symbol for at noko skjer før noko anna
  • = er symbol for at noko skjer samtidig med noko anna

Då kan ein setje opp skilnadene på absolutt og relativt tempus slik:

Relativt tempus

Definisjon

Absolutt tempus

Definisjon

relativ preteritum H > R preteritum H > Y
relativ presens H = R presens H = Y
relativ futurum R > H futurum Y > H

Eksempel

Dei engelske setningane nedanfor illustrerer ulike relative tempus.

Uttrykket having spoken viser til ei hending som kjem føre eit referansetidspunkt i fortid, notid eller framtid:

  • RELATIV PRETERITUM
    • Having spoken, he sat down.
    • Having spoken, he always sits down.
    • Having spoken, he will sit down.

Uttrykket walking in the woods viser til ei hending som er samtidig med eit referansetidspunkt i fortid, notid eller framtid:

  • RELATIV PRESENS
    • Walking in the woods, he saw a squirrel.
    • Walking in the woods, he often sees squirrels.
    • Walking in the woods, he will find a buried treasure.

Uttrykket about to depart viser til ei hending som kjem etter eit referansetidspunkt i fortid, notid eller framtid:

  • RELATIV FUTURUM
    • Passengers about to depart on Flight 26 proceeded to Gate 5.
    • Passengers about to depart on Flight 26 should proceed to Gate 5.
    • Passengers about to depart on Flight 26 will proceed to Gate 5.

Absolutt og relativt tempus kombinert

Denne setninga blei brukt i ei første forklaring på kva relativt tempus er:

  • Per sa at Kari hadde mista klokka si

Uttrykket hadde mista har to tydingar:

  1. absolutt preteritum og relativt preteritum
  2. absolutt preteritum og perfektum

I begge tydingane kjem hendingstidspunktet føre referansetidspunktet, som så kjem føre ytringstidspunktet: H > R > Y. Men tyding 2 har eit ekstra element: Det som skjedde på hendingstidspunktet, har framleis relevans på referansetidspunktet. Denne skilnaden kjem fram viss indirekte tale blir bytt ut med direkte tale:

  1. Per sa: «Kari mista klokka si»
  2. Per sa: «Kari har mista klokka si»

I moderne norsk skulegrammatikk blir ikkje dei to tydingane til hadde mista skilde, og begge delar går under namnet preteritum perfektum.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg