Duefamilien
Duefamilien | |
Dolkestikkdue (Gallicolumba luzonica | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av duefamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Columbimorphae |
Orden: | Duefuglar Columbiformes |
Familie: | Duefamilien Columbidae Illiger, 1811 |
Duer (Columbidae) er ein fuglefamile med 320 artar som høyrer til duefuglane. Dei er særmerkte ved at dei kurrer og gjev ungane sine «duemelk» frå kroen. Fuglane har kompakte kroppar med kort hals og korte, slanke nebb.
Den best kjende duetypen i Noreg og mange andre stader er klippedue eller bydue (Columba livia) som held til i byar. I Noreg finst òg skogdue (Columba oenas), ringdue (Columba palumbus), turteldue (Streptopellia turtur) og tyrkardue (Streptopelia decaocto).
Duer i kulturen
[endre | endre wikiteksten]Fuglane er blitt sett på som fredelege, elskelege vesen, og er gjennom turtelduer blitt symbol på kjærleik medan kvite duer står for fred. Innan kristendommen symboliserer fuglen den heilage anden. Fleire namn er blitt tekne frå fuglen, som det nederlandske Dyveke og det spanske Paloma.
Duer og menneske
[endre | endre wikiteksten]Den gode retningssansen til fuglane har gjort at ein kunne bruka dei som brevduer. I dag held ein òg konkurranseduer som skal finna heim raskast mogleg.
Mange har gleda seg over å gje duer mat på torg i ulike byar. Men auken av byduebestanden har mange stader ført til motstand mot dyra, som bråkar, forsøplar og kan spreia sjukdom. Derfor er det fleire stader, som på Picadilly Circus i London innført forbod mot å mata duer.
Slekter frå duefamilien
[endre | endre wikiteksten]Slektene i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.9 frå august 2014.[1] Det er 43 slekter i familien som samlar 320 nolevande artar.
- Slekt Columba, ei gruppe av 34 middels til store duer med traust kroppsbygging, naturleg utbreiing i «den gamle verda». Vanlege dueartar i Noreg, som klippedue, ringdue og skogdue er Columba-duer
- Slekt Patagioenas, 17 middels til store duer i «den nye verda»
- Slekt Nesoenas, rosendue, Nesoenas mayeri
- Slekt Streptopelia, 17 slanke små til mellomstore duer, dei fleste i Afrika og i tropisk Asia. Inkluderer tyrkardue og turteldue.
- Slekt Macropygia, 10 langhala gaukduer, med brun fjørdrakt som lever i området frå India gjennom Indonesia til Australia.
- Slekt Reinwardtoena, 3 gaukduer i Melanesia
- Slekt Turacoena, 2 duer i Indonesia
- Slekt Turtur, 5 duer i Afrika sør for Sahara
- Slekt Oena, maskedue, Oena capensis
- Slekt Chalcophaps, 2 duer som lever i området frå India til Australia
- Slekt Henicophaps, 2 bronseduer i Melanesia
- Slekt Phaps, 3 glansduer i Australia
- Slekt Ocyphaps, toppdue, Ocyphaps lophotes
- Slekt Geophaps, 3 duer i Australia
- Slekt Petrophassa, 2 duer i Australia
- Slekt Leucosarcia, wongadue, Leucosarcia melanoleuca
- Slekt Geopelia, 3 små langhala duer i Søraust-Asia og Australasia
- Slekt Columbina, 9 små bakkelevande duer i Amerika
- Slekt Claravis, 3 neotropiske duer
- Slekt Starnoenas, blåkronedue, Starnoenas cyanocephala
- Slekt Metriopelia, 4 duer i Andes
- Slekt Uropelia, camposdue, Uropelia campestris
- Slekt Geotrygon, 9 neotropiske vaktelduer
- Slekt Leptotrygon, dvergvakteldue, Leptotrygon veraguensis
- Slekt Leptotila, 10 neotropiske duer
- Slekt Zentrygon, 8 neotropiske vaktelduer
- Slekt Zenaida, 7 duer i Amerika, inkluderer galapagosdue og socorrodue, sistnemnde utrydda som vill art
- Slekt Caloenas, mankedue, Caloenas nicobarica
- Slekt Gallicolumba, 18 jordduer og blodduer
- Slekt Trugon, gladiatordue, Trugon terrestris
- Slekt Otidiphaps, fasandue, Otidiphaps nobilis
- Slekt Goura, tre kronduer på Ny-Guinea
- Slekt Didunculus, tanndue, Didunculus strigirostris
- Slekt Phapitreron, tre bruneduer på Filippinane
- Slekt Treron, 28 grønduer i Afrika og Asia
- Slekt Ptilinopus, 52 fruktduer i Søraust-Asia og Oseania
- Slekt Drepanoptila, sølvbanddue, Drepanoptila holosericea
- Slekt Alectroenas, tre blåduer på Seychellane, Madagaskar og Komorane
- Slekt Ducula, 38 keisarduer i Søraust-Asia og tropisk Stillehavsområde
- Slekt Lopholaimus, parykkdue, Lopholaimus antarcticus
- Slekt Hemiphaga, maoridue og systerarten på Chathamøyane, Hemiphaga chathamensis
- Slekt Cryptophaps, tåkedue, Cryptophaps poecilorrhoa
- Slekt Gymnophaps, fire fjellduer på Mulukkane, Solomonøyane og Ny-Guinea
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M. J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2014), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.9 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 25. november 2014
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Pigeon blog (dueblogg på engelsk)