Lurøy kommune
- For øya med same namn sjå Lurøya.
Lurøy kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Adm.senter | Lurøy | ||
Areal | 265,19 km² | ||
• land | 258,32 km² | ||
• vatn | 6,87 km² | ||
Folketal | 1 886 (1. januar 2024) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Håkon Lund (H) | ||
Kommunenr. | 1834 | ||
Lurøy 66°25′55″N 12°51′18″E / 66.431944444444°N 12.855°E | |||
Kart som viser Lurøy kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Lurøy | |||
Nettstad: www.luroy.kommune.no |
Lurøy er ein kommune i Nordland fylke med knapt 2000 innbyggjarar. Lurøy grensar til Rødøy kommune i nord, Træna kommune i vest, Rana kommune i aust og Nesna kommune og Dønna kommune i sør. Kommunesenteret ligg på Onøya. Kommunevåpenet viser ein svart sjøvarde eller steinkjerring, mot gul bakgrunn.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Vel halvparten av Lurøy ligg på fastlandet, resten er fordelt på i alt 1375 større og mindre øyar. Øyane med busetnad, er:
- Aldra (23,5 km2)
- Lurøya (14,2 km2)
- Stigen (13,5 km2)
- Onøya (7,7 km2)
- Lovund (4,9 km2)
- Sleneset
- Nord-Solvær
- Indre Kvarøy
- Hestmona (3,7 km2) (delt med Rødøy kommune.)
- Nesøya (9,9 km2) (delt med Rødøy kommune.)
Stadene med eige postnummer på fastlandet i kommunen, er:
Det høgste punktet i Lurøy er Strandtindan (1173 m.o.h.) på grensa til Rana og Rødøy heilt aust i kommunen.
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Folketalet i Lurøy har vore i attendegang sidan 1950. Næringslivet består stort sett av fiske, fiskeoppdrett og jordbruk. Kommunen har 6 grunnskular. Dei næraste vidaregåande skulane ligg i Nesna, Mo i Rana og Meløy.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Bokmålswikipedia om Lurøy.