Hopp til innhald

Marginalisering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Marginalisering er i sosiologien ein ekskluderingspraksis overfor enkelte minoritetsgrupper eller personar, som endar opp med å «bevege seg i en gråsone mellom sosial integrasjon og samfunnsmessig utstøtning».[1] Ofte kan dette koma av at personane det gjeld ikkje er i stand eller er ønskte i arbeidsmarknaden, av ulike årsaker, og dermed ikkje kan bidra fullt ut sosialt og økonomisk i samfunnet. I verste fall kan marginalisering føre til sjukdom eller hungersnaud for dei berørte. I industriland er ikkje denne praksisen så vanleg, da ein ofte har eit sosialtrygdsystem som hjelper dei som fell utanfor samfunnet, men i utviklingsland er det mange og omfattande døme på grov bruk av marginalisering.

  1. Willy Pedersen. «Marginalisering». Forebygging.no. Henta 15. april 2008.