Fadervår eller Vår Far, som det er omsett med i den nyaste norske bibelutgåva (2011), er den bøna som Jesus ifølgje Matteusevangeliet (kapittel 6, vers 9–13) og Lukasevangeliet (kapittel 11, vers 2–4) lærte disiplane sine som ei mønsterbøn. Versjonen hos Lukas er vesentleg kortare enn den hos Matteus, og i kyrkjeleg bruk er Matteus-versjonen den vanlege. Avslutninga «for riket er ditt …» er truleg ei tilføying som speglar tidleg liturgisk bruk, og nokre kyrkjer utelèt denne som del av sjølve bøna.
Matteus-versjonen av Fadervår inneheld sju ledd. Dei tre første gjeld at Gud må verkeleggjere herredømmet sitt, dei fire siste er ei bøn om livsopphald og hjelp til prøvelsane i livet.
Fadervår er karakteristisk for Jesu forkynning og er den bøna alle kristne kyrkjer har felles. Denne bøna har difor stor økumenisk betydning.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.