Breta so̢gur byrjar ikkje med Geoffreys tekst, men med ein interpolasjon; i dei to viktigaste handskriftene er Breta so̢gur eit framhald av Trójumanna saga («Soga om trojanarane»), og den summariske forteljinga om Æneas' flukt frå Troja i den latinske krøniken er bytt ut med fyldigare stoff frå Æneiden.
Soga fortel altså først om Æneas og om etterkomarane hans. Omsetjinga av Historia Regum Britanniæ byrjar ikkje før nokre kapittel ut i soga, i forteljinga om Brutus, Æneas' soneson. Brutus, som soga seier også vart kalla Brito, som det vidare står at Britannia er kalla opp etter, er den første i soga som kjem til Britannia.
Soga fortel så om sønene til Brutus, som tek seg kongedømer i Britannia, og om etterkomarane deira, blant andre segnkongen Arthur, som først med Historia Regum Britanniæ vart kjend for eit større publikum.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.